Ida Beate Løken

4.kandidat

Er utdanna agronom ved Mo jordbrukskule og Sogn Jord- og hagebrukskule, har fullført fyrstegongsteneste og er oppvaksen på gard.

Ida har heile livet vore opptatt av dyr og dyra sin velferd. Saker som omgår det tema er hennar absolutte hjertesaker. I ung alder vart ho aktiv i Dyrebeskyttelsen Norge og fekk her sin inntreden i organisasjonsverda. Då ho i flytta til Aurland var ho med og skipe Grøn Ungdom Sogn og Fjordane, ungdomspartiet til MDG. Her fungerte ho i som talsperson i to år, og sit framleis i styret. Ho melde seg inn i MDG i samband med skipinga i 2013 og har vore medlem sidan.

Som utdanna agronom ved økologisk jordbruksskule er ho spesielt opptatt av jordbruk og jordvern. Ho meiner også at målet vårt må vere å leve i økologisk balanse.