Miljøpartiet nest størst ved skulevalet på Hafstad VGS

11. september 2015

Då stemmene var opptalde etter at 90 prosent av elevane ved Hafstad vidaregåande hadde gitt si stemme ved skulevalet, var det eitt parti som stod att som den store overraskinga.
– Eg fekk først høyre at vi hadde 26 prosent av stemmane, så snakka eg med Eliane Wergeland, ho sa at det ikkje stemde. Vi hadde berre fått 25,8 prosent, seier styremedlem i Miljøpartiet Dei Grøne sitt ungdomsparti, Grøn Ungdom, Ida Beate Løken

Greidde å engasjere
– Det er eit heilt fantastisk valresultat for oss. Vi greidde å engasjere dei unge med vår politikk, så vi er godt nøgde, seier Løken til Firda.
Ho legg til at dei hadde eit håp om å score bra på skulevalet, då dei har ein politikk Løken meiner treff ungdomen godt.
– Men at vi skulle vere heilt opp i ryggen på Arbeidarpartiet, det hadde eg ikkje trudd, seier 20-åringen.
Ho var sjølv tilskodar på debatten og let seg imponere av MDG sin representant i panelet, Eliane Wergeland.
– Det er første debatten ho er med i, og ho gjer ein kjempe-innsats, seier Løken, som sjølv er nummer fire på fylkestingslista og bystyrelista til MDG i Førde. Og med det resultatet dei fekk på Hafstad spørst det om ho ikkje må bu seg på å stille.

Vil vippe ordføraren
– Eg har ikkje tenkt på det som truleg at eg kjem inn i bystyret, men om vi får ei slik oppslutning så gjer eg fort det. Det viktigaste er at dei framfor meg kjem med, seier ho og legg til:
– Men eg håpar vi blir så store at vi får ei reell makt, og kans vere med å avgjere kven som blir ordførar, til dømes.

På trykk i Firda 09.09.2015